Litterært storverk utan like

Norsk lydinstitutt

del denne siden

  • Send på epost
  • Del på Facebook
  • Del på Twitter
  • Del på MySpace
  • Del på Del.icio.us
  • Del på Kudos
  • Del på StumbleUpon
  • Del på LinkedIn
  • Del på Digg
  • Del på Reddit
  • Del på Newsvine
  • Del på Technorati
  • Legg til Google bokmerke

flere format

pdf-versjon

Tilbake til:

Litterært storverk utan like

125 band har Arne Dørumsgaard (1921-2006) gjeve oss kremen av poesi frå Kina, Japan og Korea, samstundes med at han presenterer diktarane og deira tid. Då siste band i denne unike samlinga, Viften av Perlemor, vart presentert på Litteraturhuset i Oslo tidlegare denne veka, var det samstundes sluttstrek for ei forlagsbragd ein må sjå langt etter, både her i landet og i kulturkrinsen vår elles.

Det byrja så langt attende som i 1951, då Dørumsgaards første samling, Blomster fra de keiserlige haver, kom på Dreyer Forlag. Sidan kom nye samlingar på same forlaget, heilt til Dørumsgaard døydde i 2006. I grove trekk hadde han då ferdig manuskripta til dei to siste banda, som no er komne på Andresen & Butenschøns forlag.

Serien, med fellesnamnet «Østens gamle Poesi», spenner over ein periode på tre tusen år, heilt frå dei tidlegaste kinesiske dynastia fram til 1900-talet. Dei fleste av binda er generelle antologiar, mens nokre er vigd store ein-skildpoetar som T'ang-dynastiets meistrar Li Po (701-762) og Tu Fu (712-770). Dei har fått kvart sitt band.

Til kvar av bøkene har Dørumsgaard skrive omfattande føreord, fleire er på godt over hundre sider. Han både portretterer dei einskilde diktarane og skildrar tida og samfunnet dei levde i.

Arne Dørumsgaard i Lazio, Italia. Foto: Birgit Helene Jevnaker

Tre livsverk

Gjendiktinga av Austens poesi er eitt av Arne Dørumsgaards livsverk. Han har minst to til: Han samla og systematiserte ei av verdas største musikksamlingar og han var ein markant komponist og songar.

Musikksamlinga omfattar einskilde gamle sylinderopptak (mellom anna eitt der Nina Grieg syng ektemannens romansar medan Edvard sjølv akkompagnerer på piano), kring 40.000 78-plater, 30.000 LP-plater, 10.000 spole-band og 2.000 lydkassettar og CD-plater.

Dørumsgaard var blant initiativtakarane til opprettinga av Norsk Lydarkiv i Oslo i 1965 og tilbaud musikksamlinga til den norske staten i 1982. Staten var ikkje interessert. I 1984 overdrog Dørumsgaard samlinga til Stavanger, der ho er grunnlaget for forskingsstiftinga Norsk Lydinstitutt Stavanger, som no opnar verksemda si i nye lokale i Bjergsted. Også då han skulle gje bort den store boksamlinga si, som mellom anna inneheldt alle dei asiatiske bøkene hans, var den opphavlege mottakaren likesæl. Han tilbaud samlinga til Universitetsbiblioteket i Oslo, som berre viste måteleg interesse. Dørumsgaard donerte difor samlinga til Vestlandske Kunstindustrimuseum, dit ho kom i fjor.

Eksil

Arne Dørumsgaard er fødd i Fredrikstad og debuterte som komponist då han var berre 13 år. Han har skrive meir enn 100 songar til tekstar av mellom andre Garborg, Øverland og Hamsun. 1 protest mot den handsaminga Kirsten Flagstad fekk her i landet, drog han i 1951 i friviljug eksil til Paris. I 1968 busette han seg i Nord-Italia, i Marzio, der han budde resten av livet.

I essayet om å gjendikte kinesisk poesi frå 1970 gjer Dørumsgaard greie for dei prinsippa han har fylgt i arbeidet sitt. Fordi han ikkje meistra nokon av originalspråka, måtte han nytte sekundærkjelder, omsetjingar til andre europeiske språk som engelsk, tysk og fransk. Dette lytet hadde Dørumsgaard til felles med fleire av dei store omsetjarane på verds-språka. Amerikanaren Ezra Pound gjendikta den store syklusen Shi King (Songanes bok) utan å kunne kinesisk. Det kunne heller ikkje Georg Johannesen eller Paal-Helge Haugen, som båe har publisert gjendiktingar av kinesisk poesi.

Om dei vanskar ein møter i eit slikt arbeid, skreiv Dørumsgaard at eit språk som består av teikn, som ikkje uttrykkjer ord, men idear, kor den kalligrafiske bilet-krafta byggjer bru mellom dikting og målarkunst, rett og slett ikkje kan førast over til eit anna språk heilt og fullt. Det er ugjerleg, både på tysk, engelsk og norsk, å ta vare på rimet og rytmen i originalverset, for ikkje å snakka om den nakne forma og den sparsame ordbruken.

Han gjev eit eksempel. Første strofe i eit lite dikt av Li Po ser slik ut, i direkte omsetjing ord for ord: «seng (kvilestad) foran klar (ljos) måne glans (skjær)». Strofe II: «synes være mark i rim". III strofe: «løfte hode se (betrakte) klar(lys) måne». IV strofe: «senke hode minnes gammel landsby (heimstad)» Så lagar han desse isolerte orda om til vanleg prosa, slik at det vert setningar ut av det. Då må omsetjaren leggja til det som etter vår oppfatning manglar. For i kinesisk teiknspråk fins korkje personlege pronomen eller konjunksjonar. Og verba blir ikkje bøygde. Då kan diktet i ei lite tilfredsstillande, men leksikalsk korrekt tyding verta slik:

Foran sengen månens klare skjær.
Marken synes dekket av rim.
Jeg løfter hodet, betrakter den klare måne.
Jeg senker hodet, minnes den gamle landsby.

Kan hende vil ei slik gjengjeving ha ei meining for dei som studerer kinesisk språk og litteratur, for andre er det utan interesse. Og det er slett ikkje poesi. Då må det gjendiktast, frigjerast frå filologiens tvangstrøye, forklarar Dørumsgaard. Han har gjendikta Li Po slik:

Så lyst det er på marken ved mitt leie...
Det kan da ikke være rimfrost nu?
Jeg løfter hodet - ser den klare månen;
senker pannen - tenker på min hjembygd.

På presentasjonen i Litteraturhuset vart det gjort et poeng av at det er 107 år sidan Nobels litteraturpris vart utdelt første gong. Berre fire av prisvinnarane er frå Asia. Kjem det av at dei skriv så dårleg der? Eller...?


Deprecated: mysql_escape_string(): This function is deprecated; use mysql_real_escape_string() instead. in /home/u/u1774634/www/talkback/comments-display-prep.php on line 100

Kommentarer (0)

Skriv en ny kommentar




?

? ?

 
Utviklet av TalkBack

Sist oppdatert: 09.10.2017 09:52. Nettansvarlig
Vennligst kontakt oss med kommentarer og forslag til forbedringer.
©Norsk Lydinstitutt, Bjergsted Terrasse 5a, 4007 Stavanger. Tlf: 51 83 40 60 / 51 83 40 62